Det blir atskilleg mindre nedbør i Oslo nyttårshelga enn det var i julehelga. Her første juledag i Oslo. Foto: Fredrik Hagen/NTB.

Nyttårsvêret: Grått i sør, bra i vest og nord

Vakthavande meteorolog Magnus Ovhed ville valt å reise til Troms eller Nordland nyttårsaftan. Der er det størst sjanse til å få sjå rakettane.

– Det blir litt kjøligare på Austlandet. Der temperaturen no ligg rundt null, vil han krype ned på minussida. På kysten vil temperaturen liggje rundt null, seier vakthavande meteorolog Magnus Ovhed til NTB.

Mindre nedbør

Temperatursenkinga bidreg til at det blir langt mindre nedbør enn høljeregnet store delar av Austlandet har opplevd den siste tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir litt nedbør, men ikkje på langt nær slik vi opplevde i julehelga, seier meteorologen.

Han aner eit lite, men uvisst håp om at nyttårsaftan kan by på klar himmel. Han melder lett snø på innlandet og kanskje sludd ute på kysten.

– Om det nyttårsaftan blir opphald i denne snøen, kan det bli ein fin kveld på Austlandet med nysnø og eit høgt nok skydekke til å kunne sjå rakettane, seier Ovhed.

Fint i vest og nord

Vestlandet kan vente seg ei ganske bra nyttårshelg med frålandsvind og lite nedbør. På Mørekysten kan det komme eit lite nedbørsområde forbi, men det skal ikkje vere mykje å snakke om.

Frålandsvind og ganske lite skyer er òg vêrmeldinga som gjeld heilt frå Trøndelag til kysten av Troms og Finnmark gjennom heile nyttårshelga. Den som vil sikre seg ein vêrmessig god nyttårsaftan, bør derfor setje kursen nordover, ifølgje meteorologen.

– Dei greiaste forholda nyttårsaftan blir i Nordland, Troms og Trøndelag. I Aust-Finnmark blir det litt meir skya, seier Ovhed.

(©NPK)