Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner potensialet til Senterpartiet er større enn resultatet på den siste meiningsmålinga til Dagens Næringsliv. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Nytt Sp-fall på ny meiningsmåling

Senterpartiet fell 4,1 prosentpoeng til 12 prosent på den siste miningsmålinga til Dagens Næringsliv, der Sp og Frp nærmar seg jamstore.

Viss målinga som Norstat har gjort for avisa hadde vore valresultatet, ville Ap, Sp og SV vore eitt mandat unna fleirtal og avhengige av støtte frå MDG eller Raudt.

Senterpartiet har den siste tida hatt fleire dårlege meiningsmålingar. Men Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier til DN at sjølv dei lågaste målingane er ein oppgang frå stortingsvalet i 2017.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg meiner potensialet vårt er kjempestort. Så ser vi at vi er dei einaste av dei fire store partia som går fram frå 2017. Ser vi på målingane frå det siste halvåret, så er potensialet endå større, seier han.

På DN-målinga er det berre KrF av dei mindre partia som hamnar under sperregrensa med 3,3 prosent oppslutning, ein oppgang på marginale 0,1 prosentpoeng frå førre måling.

Arbeidarpartiet er den store vinnaren, og veks med 2,2 prosentpoeng til 26,2 prosent. Også Frp aukar oppslutninga med 1,2 prosentpoeng til 11,3 prosent.

Oppslutninga til resten av partia (endring i prosentpoeng frå førre DN-måling i parentes): Høgre 20 prosent (0,9), SV 8 prosent (-0,6), MDG 5,7 prosent (-0,2), Raudt 4,9 prosent (uendra), Venstre 4,9 prosent (0,6), andre 3,8 prosent (-0,3).

Målinga er gjort av Norstat i perioden 19. til 24. august. DN har ikkje opplyst kor mange intervju målinga baserer seg på eller kva som er feilmarginen.

(©NPK)