Person som har vore i selskap i Gloppen har fått påvist koronasmitte

Ein person som søndag 4. oktober var i eit selskap i Gloppen, har fått påvist smitte med covid-19, skriv Gloppen kommune i ei pressemelding onsdag morgon.

I selskapet var det i alt 48 personar frå både Gloppen og andre kommunar.

– Det er opplyst at personen har vore utsett for smitte den 30/9. Smittekjelda er kjend. Personen har den 06.10 testa positivt på covid-19. Personen har framleis ingen symptom. Tida frå eksponering til selskap den 04.10 gjer at personen potensielt kan ha vore smitteførande trass i at det ikkje var symptom på covid-19.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gloppen kommune sette i verk tiltak tysdag kveld.

– Vi har starta oppsporing berre to dagar etter at selskapet var utsett for smitte. Den korte tida frå eksponering til no, betyr at alle som var i selskapet vil ha veldig liten risiko for på noverande tidspunkt å kunne smitte vidare uansett om dei seinare skulle få symptom og teste positivt for covid-19. Vi har den 06.10. vore i kontakt med dei som smitte vil ha størst konsekvens for både i forhold til kontakt med risikopasientar og i forhold til risiko for spreiing, heiter det i pressemeldinga.

Alle i selskapet er inntil vidare sette i karantene i ti dagar.