Sendingane vil gå frå onsdag til søndag med direktesende minutt for minutt-sendingar på dagtid, og ei kveldssending som blir gjort i opptak når sykkelgjengen når fram til målet for dagen. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Nytt sakte-tv frå NRK

Til sommaren kan du følgje Nordland, Møre og Romsdal og Innlandet frå sykkelsetet minutt- for minutt.

NRK med prosjektleiar Thomas Hellum har tidlegare laga sommarprogram med minutt for minutt-sendingar som Hurtigruten, Sommertoget, Lars Monsen, Sommerbilen og Sommerskuta.

– Først var vi i ei lita campingvogn på Finnmarksvidda og følgde reinsdyr, så pakka vi alt det utstyret ned i ein liten ryggsekk og gjekk med Monsen. Ei naturleg forlegning av det var å tenkje: kva har vi ikkje bevega oss med no? seier Hellum til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prosjektleiaren understrekar at prosjektet har vore planlagt lenge, men at det vart lagt på is på grunn av pandemien.

Det blir heller ikkje lagt skjul på at det har dukka opp tekniske utfordringar undervegs.

– Det er eit heilt lite TV-studio som skal på hjul, rett og slett. Så vi må finne opp nye ting og vi må tenkje ut nye løysingar, forklarar Hellum til NRK.

Sendinga skal dekke fylka Nordland, Møre og Romsdal og Innlandet. Grunnen til at desse områda blei plukka ut er mellom anna at dei leitar etter stadar dei ikkje har vore med sommarsendingane sine før, ifølgje NRK.

(©NPK)