Leidulf Gloppestad opplyser at ytterlegare éin person frå Gloppen har testa positivt.

Nytt koronautbrot i Gloppen

Éin person i Gloppen er påvist smitta av covid-19 i samband med smitteutbrotet ved Nordfjord sjukehus. Det opplyser ordførar Leidulf Gloppestad.

– Personen er sett i isolasjon og familien i karantene, og desse blir følgde opp av helsepersonell, fortel han.

– Viktig med raske svar

Kommunen har sett i gang smittesporing.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei som har vore i direkte kontakt med vedkomande, vil bli kontakta. Dei som har vore i nærkontakt med vedkomande og får symptom, vil få tilbod om testing, seier han.

Ordføraren har vore i kontakt med Helse Førde og har bede om at prøvene frå Gloppen får prioritet. Dette for å sikre dei samfunnskritiske funksjonane som kan blir råka.

– Det er viktig med raske svar når det no er påvist smitte i kommunen, seier han.

Frå før har tre glopparar testa positivt på covid-19.