Illustrasjonsfoto.

Nytt frå politiet

Naustdal: Kl 02:00 natt til fredag stansa politiet ein bil der føraren var berre 15 år. Han vart teken med til foreldra. Føraren vart meld. Bilen vart avskilta etter pålegg frå Statens vegvesen.

Eikefjord-Naustdal RV 5: UP kontrollerte i løpet av torsdag kveld til saman 17 bilførarar med tanke på rus. Ingen utslag.

Eid: UP hadde kontroll på RV15 i sentrum, to fekk forenkla førelegg for handhalden mobiltelefon og ein fekk bilbeltegebyr.
Ved ein fartskontroll i 50-sona i Mogrenda vart det ilagt sju forenkla førelegg, høgaste fart var 69km/t.

Førde: Kl 12:00 torsdag vart ein moped stogga på E39 i Førde med passasjer på. Føraren fekk forenkla førelegg for overlast. Passasjeren fikk gebyr for ikkje å bruke hjelm.