NYNORSKSTIPEND: Åsmund Husabø Eikenes (tv.) fekk torsdag overrekt eit nynorskstipend på 50.000 kroner frå leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn. Foto: Noregs Mållag.

Nynorskstipend til Eikenes

Åsmund Husabø Eikenes har fått eit nynorskstipend på 50.000 kroner frå Noregs Mållag for å skriva to sakprosabøker på nynorsk for barn.


Stipendvinnaren kjem frå Leikanger i Sogn, men bur no i Oslo. Han fekk overrekt stipendet på kontoret til Noregs Mållag torsdag.


I talen sin til stipendvinnaren peikte leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, på at det er stor mangel på sakprosabøker på nynorsk for barn. Dette meiner han bøkene til Husabø Eikenes vil vera med å rette på.


Den eine boka har tittelen "Høg fem" og blir ei illustrert barnebok om korleis dyr brukar frambeina sine til å gripe, klatre, gå, symje og fly.


Den andre boka skal handle om alt flytande i menneskekroppen og har fått namnet Sprut. Målgruppa for bøkene er barn i alderen seks til ni år.


Mållagsleiaren meinte Husabø Eikenes har solide kvalifikasjonar for å gjennomføre prosjekta. Han viste mellom anna til at stipendvinnaren har ein doktorgrad i cellebiologi og at han hausten 2016 gav ut sakprosaboka "Handboka, alt du vil vite om hendene dine – og litt til" – som har fått rosande omtale i Tidskrift for Den norske legeforening. (©NPK)