Nynorskstipend på 150.000 kroner på Vestlandet

For å synleggjere nynorsk som språk og kulturberar vil Vestland fylkeskommune lokke kunstnarar og eller formidlarar som brukar nynorsk med eit stipend på 150.000 kroner.

Publisert Sist oppdatert

Nynorskstipendet vert delt ut for første gong i år og skal sidan skje årleg. Stipendet vert lyst ut nasjonalt, men mottakaren må ha tilknyting til Vestland fylke gjennom verksemda si.

– Bakgrunnen for nynorskstipendet var tildelinga av Nobels litteraturpris til Jon Fosse i 2023. Som heimfylket til ein nobelprisvinnar vil vi heidre Fosse, og vi ønskjer å gjere dette i form av eit stipend, som skal løfte fram nynorsken, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutvalet for kultur, idrett og inkludering i fylkeskommunen.

Stipendmottakarane kan vere både forfattarar, dramatikarar og formidlarar av nynorsk litteratur og forfattarskap i tekst og på scene.

Vestland er fylket med flest nynorskbrukarar.

– Nynorsk er under press. Som det største nynorskfylket og det leiande kulturfylket, skal Vestland ta eit nasjonalt ansvar for å styrkje nynorsk både som kvardagsspråk og kunstspråk. Nynorskstipendet er ein del av denne politikken, og eg håpar på mange gode nominasjonar, seier Nødseth. (©NPK)

Powered by Labrador CMS