Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Nye nødpass-reglar: No kan du søkje dersom du bestilte reise før 1. juni

Politiet gjer ytterlegare justeringar på krava for å få utskrive nødpass. Frå onsdag kan dei som har bestilt reise til og med 1. juni søkje.

– Det kan også barn under 18 år som har bestilt reise etter 1. juni, skriv politiet på nettsidene sine.

– Ved å utvide kriteria ønskjer vi spesielt å hjelpe barnefamiliar. Vi ser at det er mange barn som har utgåtte pass, eller aldri har hatt pass. No håpar vi at fleire familiar får teke ferieturen til utlandet, seier avdelingsdirektør Bjørn Vandvik i Politidirektoratet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eg må understreke at det ikkje er sikkert at alle får, og eg ønskjer å førebu alle på at det kjem til å bli køar, seier avdelingsdirektøren.