Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) med elsparkesyklar i Oslo. Det blir no arbeidd med nye lov- og forskriftsendringar for å stramme inn regelverket for bruk av elsparkesyklar og andre små elektriske køyretøy. Foto: Frøydis Tornøe/Samferdselsdepartementet.

Nye forslag til elsparkesykkelreglar i heile landet

Samferdselsdepartementet kjem med nye grep i regelverket for elsparkesyklar for å gjere det tryggare for trafikantar.

– Eg er djupt bekymra over ulykkesutviklinga på elsparkesyklar og andre små elektriske køyretøy, og dei konfliktane vi ser med gåande, seier Knut Arild Hareide (KrF) i ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet.

Regjeringa har byrja arbeid med lov- og forskriftsendringar for å stramme inn på reglane for bruk av elsparkesyklar og andre små elektriske køyretøy. Dette er forslaga som skal bli greidd ut og sendt på høyring:

* Ulike nivå på promillegrense: 0,2, 0,5, og 0,8

* Forbod mot køyring på fortau, men opning for køyring på gang- og sykkelveg

* Påbod om hjelm for barn under 15 år

* Aldersgrense på 12 år for bruk

(©NPK)