Ny vending i hallsaka i Jølster

Det var knytt stor spenning til korleis formannsskapet i Jølster i dag ville handtere sakene om plassering av fleirbrukshallen på Vassenden og fotballhall på Skei.



Sakene var oppe i Utval for oppvekst, Kultur og Helse (OKH) måndag, med det oppsiktsvekkande resultat at utvalet skubba heile saka frå seg utan vedtak når det det gjeld hallen på Vassenden, medan dei skrinla alle planar om hall på Skei, grunna økonomi. Formannsskapet sette skåpet på plass



Mange alternativ

Plasseringa av fleirbrukshallen på Vassenden har vore ei heit potet i det politiske systemet lenge, og det var i starten tre alternativ til plassering, bestilte av kommunestyret 13. juni. Dei tre alternativa var "Leite", "Barneskulen" og "Gymsalen" I etterkant har det frå skulen si side vore sagt at dei ønskjer alternativ "Barneskulen, eit tilbygg til barneskulen på dyrka jord som tilhøyrer Jostein Gjesdal. Grunneigar har sagt klart i frå at han ikkje gir frå seg areal frivillig, og Sp signaliserte i sommar at det ikkje var aktuelt for dei å gå for dette alternativet. Sidan har fleirtalet stort sett halde seg til alternativ "Leite", området ved den tidlegare Heimyrkjeskulen som kommunen eig. Det tredje alternativet "Gymsal" har idrettslaget seinare teke ut av vurderinga, noko som vart kommentert av Ingrid Søyland (Sp) i dag.

-Vi bestilte utgreiing av tre alternativ, kvifor er ikkje alle med no?, spurde Søyland. Rådmannen gjekk i si tilråding inn for "Barneskulen" med bakgrunn i skulen sine behov og økonomi

Kreativ løysing

Under handsaminga i formannsskapet vart det fort klart at Judith Kapstad (V) ville gå for rådmannen si tilråding, på same måte som partiet gjorde i OKH.

-Eg skjønar at ein er oppteken av jordvern, men den aktuelle grunneigaren kan få makebyte med kommunen sitt landbruksareal i Smiehogen, sa Kapstad som meinte at arealet ved barneskulen ligg inne i arealplanen som areal som kan takast om, skulen får behov.

Det var då Anders Kristian Sægrov (H) kom med framlegget som utløyste eit nesten samrøystes vedtak. Undervegs i innlegget gjorde han det klart at dette var diskutert med andre parti og at han rett og slett ville ha tilbake alternativet "Gymsalen"der han ville bruke kunstgrasbana nedanfor skulen til tilkomst og parkering for hallen og skulen og bygge hallen inn i bakken på nedsida av gymsalen på barneskulen. På denne måten ville han få frigjort parkeringsarealet oppe ved skulen og bruke massane frå halltomta til ny kunstgrasbane ved MoJo.

Det synte seg fort at både Sp og Sv var med på dette, medan Ap i utgangspunktet ville ha alternativ "Leite" ved MoJo. Alle, så nær som V gjorde det klart at dei ikkje ville ta dyrka jord, og dermed var det duka for gruppemøte.

-Ingen vil ha meg med på gruppemøte, sa Judith Kapstad som såg at det ville bli ei ny vending i saka.

-Det nye alternativet er sjølvsagt betre enn ingen ting, men det er trist det som skjer, sa Venstre sin gruppeleiar.

Etter gruppemøtet kom det felles framlegg frå Sp, Sv, H og Ap basert på Sægrov sitt innlegg og der alternativ "Barneskulen" var ute av spelet. Det skal no utgreiast bygging av hall, enten frittståande på Øyaflata eller bygd saman med skulen. Det skal innhentast naudsynte opplysningar knytt til dette nye alternativet til kommunestyremøtet den 31. oktober. Framlegget vart vedteke mot Venstre si røyst.

Hall også på Skei

OKH gjekk i møtet måndag inn for å vrake planane om ein enkel fotballhall på Skei, grunna i økonomiske vurderingar. Dette ville ikkje formannsskapet vere med på, synte det seg. Både Anders Kristian Sægrov (H) og tom Erik Sandal (Sp) gjorde det tidleg klart at dei ville gå for hall også på Skei. Ordførar Oddmund Klakegg tok opp begge hallane i si innleiing til saka om fleirbrukshall på Vassenden

-Det er kjekt å gjere noko for barn og unge no på tampen for oss som eigen kommune. Dette er den siste store investeringa vi gjer som eigen kommune og det er tragisk at ting som snakk om ny folkerøysting og bråk om plassering av hallen på Vassenden skal splitte bygda no på slutten. Lat oss no einast om plassering av hallen på Vassenden, og noko som kan gjelde for heile kommunen.

-Problemet med dette er økonomien, men eg ser det som positivt om vi kan få til to hallar sa Judith Kapstad, som ville vite korleis formannsskapet ville prioritere mellom dei to om det skulle bli spørsmål om det.

-Eg håpar de støttar idrettslaget i deira prioriteringar, sa Kapstad, noko som fekk ordføraren til å tenne.



-Det ville vere utenkjeleg for meg å legge opp til ei skeivfordeling av dei to endane av bygda. Eg vil ikkje ha eit opplegg som skapar bygdestrid, det har vi hatt nok av og det bør Venstre ta med seg, var svaret frå Oddmund Klakegg. Det vart til slutt vedteke, mot Venstre si stemme, å bygge to hallar. Men Venstre fekk inn eit punkt om at kommunen skal gå i dialog med idrettslaget for å finne ei realistisk kostnadsfordeling.

 



-