Grunneigarar og bebuarar mellom Byrkjelo og Egge er heilt klare på at Statens vegvesen sine framlagde traséskisser for ny E39 i området vil føre til nedlegging av gardsbruk, redusert trivsel og fråflytting. Mellom anna vil området kring naturmøteplassen på Bergheim bli lagt under asfalt.

– Ny veg her vil øydeleggje heile dalen

– Tunnel er alfa og omega for at det skal vere drivverdige bruk att. Tunnelen får koste kva han koste vil, seier grunneigarar og bebuarar på Egge, Gåsemyr, Strand, Hjelle, Bergheim, Aaland og Teita.

Statens vegvesen har starta planarbeidet med ny E39 frå Byrkjelo til Grodås. Det er lagt fram tre alternative vegtrasear mellom Byrkjelo og Hjelle bru, og skissert éin trasé vidare frå Hjelle til Våtedalen. Sams for alle alternativa er at dei stort sett går over dyrka mark og vil endre landskapsbiletet i området vesentleg.

– Nedlegging og fråflytting

– Jorda kjem til å bli delt opp og øydelagd, det blir berre smale belte att som ikkje blir brukande til noko. Næringsgrunnlaget vårt blir vekke, det blir nedlegging og fråflytting, seier eit knippe fortvila grunneigarar.

Saman med mange andre har dei samla seg ved gapahuken ved Bergheimsvatnet for å markere motstand mot planar som i verste fall kan leggje både gardsbruk og framtidsplanar i grus.

Vegvesenet ser føre seg å byggje ny veg ved sida av eksisterande E39 frå Egge til Byrkjelo. Vegen er tenkt bygd i H5-standard, noko som mellom anna inneber 12,5 meter vegbreidde med midtdelar, planskilde kryss og fartsgrense 90 km/t. I tillegg kjem éin kilometer lange forbikøyringsfelt for kvar ti kilometer. Her vert vegbreidda 14,75 m. Den gamle vegen skal nyttast til lokal transport med påkøyrsle til ny E39 i plankryss ved Byrkjelo.

– Vegen er éin ting, men det blir store vegskuldrer og skjeringar, så det vil gå mykje areal, konstaterer Ragnhild Helgheim.

– I tillegg et kryss og forbikøyringsfelt mykje jord, supplerer Ragna Førde.