Røde Kors seier dei ser urovekkjande høge tal på einsemd blant unge. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Ny Røde Kors-undersøking: 55 prosent av unge under 24 år er einsame

Fleire nordmenn opplyser at dei er einsame som følgje av pandemien, viser ei undersøking Opinion har utført på vegner av Røde Kors. Delen er størst blant unge.

På spørsmålet «Føler du deg einsam for tida som følgje av koronapandemien?» svarer 55 prosent av dei mellom 16–24 år «ja». For heile befolkninga viser tala at éin av tre føler seg einsame no.

2.633 personar svarte på undersøkinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei nye einsemdstala bekymrar og er eit sterkt signal om at mange har behov for menneskeleg kontakt som ikkje blir møtt no under pandemien, seier president i Noregs Røde Kors, Thor Inge Sveinsvoll.

Kvart år markerer Røde Kors vintersolkverv, 21. desember, for å rette søkjelys mot einsemd.

(©NPK)