NY REKORD: Aldri før har så mange valt yrkesfag som sitt primærønske på Vg1. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Ny rekord! Endå fleire ungdommar i Vestland vel yrkesfag

Søknadsfristen til vidaregåande opplæring gjekk ut 2. mars. Aldri før har så mange valt yrkesfag som sitt primærønske på Vg1.

Publisert Sist oppdatert

Det er i alt 21593 registrerte søkjarar med ungdomsrett frå Vestland fylke til dei vidaregåande skulane. Det er ein auke frå i fjor, då søkjartalet var 21301. 

Yrkesfag framleis mest populært i heile fylket

60,5 prosent av ungdomane som søkte skuleplass på Vg1 har i år yrkesfagleg utdanningsprogram som sitt primærønske. Dette er ein auke frå i fjor då talet var 60,3. I inntaksområdet stor-Bergen har 55 prosent av ungdomane yrkesfag som sitt primærønske. 

Størst auke av søkjarar til elektro og datateknologi 

Det yrkesfaglege utdanningsprogrammet som opplever størst auke i primærsøkjarar til Vg1, er Elektro og datateknologi. Av dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er det IT- og medieproduksjon som har den største nedgangen i primærsøkjarar.

Færre søkjarar har studiespesialisering som første ønskje 

Av dei studieførebuande utdanningsprogramma det er størst nedgang av primærsøkjarar til studiespesialisering. Det studieførebuande utdanningsprogrammet som har størst auke i tal primærsøkjarar er idrettsfag. 

Auke i søkjarar til læreplass 

Det er i alt 3102 som no søkjer læreplass i Vestland fylke. 2699 av desse søkjarane har ungdomsrett. 

Dette er ein auke frå i fjor, då tala for dei med ungdomsrett var 2467 og totalt søkjarar til læreplass var 2973.

Auke i fortrinnsrettsøkjarar

Det er i år fleire som søkjer om inntak med fortrinnsrett til Vg1. Auken her er på 10,4 prosent. Dette er elever som har dokumentert særlege behov for tilrettelegging. 

Plan for inntak til vidaregåande skule for skuleåret 2025/26:

  • 7. juli: første inntak
  • 13. juli: svarfrist første inntak
  • 21. juli: andre inntak
  • 27. juli: svarfrist andre inntak
  • 7. august: tredje inntak 
Powered by Labrador CMS