NRK startar 30. oktober ein ny dokumentarserie som fortel historiene til jødar i Noreg – i dekning, på flukt, under deportasjon og i fangenskap. Illustrasjon: NRK.

Ny NRK-dokumentar om norske jødar under krigen

I november er det 80 år sidan lasteskipet Donau la frå kai i Oslo med kurs for tyske dødsleirar. Den nye dokumentarserien «Last: Jøder» handlar om situasjonen for jødane i Noreg under andre verdskrigen.

– Det er ikkje tidlegare laga ei samla framstilling for TV av kva som skjedde med jødane i Noreg under andre verdskrigen. I dag finst berre eit fåtal tidsvitne igjen, som er førstehandskjelder om kva dei opplevde, kva som skjedde med dei og deira familiar. Det har vore viktig å få desse i tale medan det enno er tid, seier prosjektredaktør Marie Sjo i NRK i ei pressemelding.

Om bord på skipet Donau var det 529 barn, eldre, kvinner og menn. I skipsprotokollen er det sirleg ført inn: Last: Jøder. Til saman vart 773 jødar sende frå Noreg til dei tyske dødsleirane, berre 38 overlevde.

Artikkelen held fram under annonsen.

I serien, som har premiere søndag 30. oktober, medverkar tidsvitne som fortel om dramatiske hendingar og vanskelege val. I tillegg får ein historiene til nokre av dei som har gått bort.

– Forhåpentlegvis vil serien kunne bidra til at denne viktige delen av historia blir ført vidare til nye og unge generasjonar, seier Sjo. (©NPK)