Erna Solbergs Høgre slit på denne målinga. Her diskuterer ho med Jonas Gahr Støre (Ap) under NRKs partileiardebatt på Kuben videregående skule. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

Ny krisemåling for Høgre – lågaste oppslutning på 16 år

Ei knapp veke før valet seier berre 13,4 prosent av dei spurde på ei måling frå Opinion at dei vil stemme Høgre. Partiet fell med 2,4 prosentpoeng frå august.

Publisert Sist oppdatert

Ikkje sidan juni 2009 har Opinion målt partiet så lågt. Det viser ei ny måling gjord for ABC Nyheter og Altinget.

– Høgre får ikkje stansa lekkasjen til Frp, som har eit lojalitetsnivå på heile 92 prosent og ingen veljarar på gjerdet. Det er ein styrke, men også ein risiko, sidan mange av veljarane til Frp tilhøyrer grupper med låg valdeltaking, seier Martin Stubban, seniorrådgivar i Opinion.

Erna vil få veljarar ned frå gjerdet

Høgre-leiar Erna Solberg seier at hovudoppgåva no blir å få veljarar som ikkje har bestemt seg, til å stemme på nettopp Høgre og sikre eit borgarleg fleirtal.

– Målingane viser at det er innan rekkevidd, og at Høgre saman med KrF og Venstre vil få fleire mandat ved borgarleg fleirtal, noko som avgjer kven som blir statsminister. Aller viktigast for meg no er å få ned dei veljarane som sit på gjerdet, for det er dei som kan sikre ei ny borgarleg regjering, seier Solberg.

MDG er vinnaren i målinga og går fram 3,8 prosentpoeng til 7 prosent. Partileiar Arild Hermstad tør likevel ikkje å sleppe jubelen laus.

– Målingane går opp og ned. Ingenting er avgjort. I 2021 mista vi mange stemmer fordi folk trudde vi allereie var over sperregrensa. Denne gongen må alle som vurderer å stemme på oss, faktisk gjere det – då kan vi gjere Støre grønare og hindre Listhaug i å bli statsminister, seier Hermstad til NTB.

KrF under sperregrensa

Samla gir målinga 93 raudgrøne mandat, og dermed fleirtal for raudgrøn side. Borgarleg side står med 76 mandat, og KrF fell på nytt under sperregrensa.

Resultatet kan likevel bli vesentleg jamnare. Tala byggjer på ei svært høg oppgitt valdeltaking, då heile 85 prosent av dei spurde i undersøkinga oppgir partipreferanse. Valdeltakinga i 2021 var til samanlikning 77,2 prosent.

Heile målinga med endringar frå førre måling i august i parentes:

Raudt 6,7 (+0,9), SV 5,2 (-1,5), Ap 26,7 (-), Sp 6,5 (+0,3), MDG 7 (+3,8), Venstre 4,6 (+1,3), KrF 3,7 (+0,6), Høgre 13,4 (-2,4) og Frp 22,4 (-1,2).

Opinions partibarometer for september 2025 er basert på 1000 telefonintervju ved eit tilfeldig utval gjennomført i perioden 25. til 31. august. Feilmarginen er på mellom 1,0 og 3,0 prosentpoeng.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS