Ny koronasmitte i Gloppen

Det er no klart at ein av personane som har vore i kontakt med turfølgjet som besøkte Gloppen i helga, har fått positivt svar på SARS-CoV-2 testen.

— Den siste prøva er positiv, og det var vi førebudde på. Vi har difor på førehand gjennomført oppsporing og identifisert nærkontaktar til denne personen. Alle den smitta har vore i kontakt med har førebels ingen symptom, og alle så nær som éin person er blitt testa. Den siste vil bli testa i løpet av føremiddagen, seier kommuneoverlege Benny Østerbye Hansen.

– Full kontroll

— Vi har full kontroll over situasjonen, og vårt smittevernteam og legesenteret følgjer opp den som har testa positivt, og like eins dei andre involverte. Dei er alle saman i karantene.