NRK oppfylte ikkje nynorskkravet
NRK oppfyller stadig ikkje kravet om 25 prosent nynorsk på radio og nett.
NRK hadde 23,4 prosent nynorsk på NRK.no, og var med det nærare målet enn nokosinne i 2025, ifølgje Medietilsynet.
På radio fall andelen ned til 23,3 prosent etter at NRK i 2024 for første gong oppfylte kravet sidan 2019.
På TV har NRK oppfylt kravet i fleire år og i 2025 var nynorskandelen på 28 prosent.
– Språkoppdraget til NRK er viktig, og Medietilsynet har i fleire tilsyn peika på at NRK må auke nynorskbruken for å oppfylle kravet på alle plattformer. Det er positivt at NRK no har etablert systematiske tiltak for å styrkje språkarbeidet, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
– Vi forventar at dette resulterer i at kravet på 25 prosent nynorsk blir oppfylt, legg ho til.
Nynorskkrava var ifølgje Medietilsynet dei einaste krava i NRKs vedtekter som ikkje vart oppfylte i fjor. Dei meiner også at NRK bidreg til mediemangfald i Noreg. (©NPK)