Felles ettermiddagssending for Hordaland og Sogn og Fjordane

NRK Vestland skal lage ei ettermiddagssending på radio for heile Vestland på NRK P1 kvardagar kl. 14.00-17.00.

– NRK Vestland ønsker å lage både journalistikk og ein felles arena der alle stemmer i Vestland kan bli høyrt i hele fylket. Difor skal vi no lage ei felles ettermiddagssending på radio for heile Vestland. Ei sending der vi skal sette dagsorden, vise fram god journalistikk og ta dei viktige debattane frå fylket vårt, samstundes som vi er tett på folk og deira kvardag der dei bur, seier distriktsredaktør Dyveke Buanes.

Les også
– NRK Sogn og Fjordane må styrkjast – ikkje svekkast!

Sendinga skal ha programleiar både i Bergen og i Førde. I tillegg skal fleire reporterar vere med å lage sendinga, rapportere frå stader rundt om i Vestland og lage gode, viktige og morosame saker frå heile vårt område.

Artikkelen held fram under annonsen.

– NRK Vestland har eit spesielt ansvar for nynorsken i NRK, og den felles ettermiddagssendinga på radio skal vere med på å sikre at den munnlege nynorsken skal stå sterkt i NRK. Dei dyktige nynorskpraktikantane skal få like godt høve til å få sakene sine på lufta, seier Buanes.

Les også
Ein direkte og naturleg konsekvens av regionreforma

Samstundes kjem NRK Vestland til å satse på podkastar frå vestlandsk kvardag til heile landet. Radiolyttinga i Noreg står sterkt, ikkje minst i Vestland. På same tid lyttar mange unge i større og større grad på podkast.

– Unge vestlendingar fortener eit podkasttilbod frå sitt område og podkastar med vestlandske forteljarstemmer. Det vil NRK Vestland lage, seier Buanes.

Les også
– Nynorsken treng NRK-satsing i Førde!

Morgonsendingane på radio (06.00-09.00) held fram som i dag, med ei sending for publikum i Hordaland og ei for dei som bur i Sogn og Fjordane.

Målet er at den nye ettermiddagssendinga skal vere på lufta innan sommaren.

Les også
– Stopp raseringa av NRK Sogn og Fjordane