Karoline Riise Kristiansen er språksjef i NRK. Foto: Vidar Ruud/NTB/NPK.

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på 25 prosent for TV i fjor, men ikkje på radio og nett.

NRK TV hadde ein nynorskprosent på 27,9 prosent, medan radio hadde 22 prosent og NRK.no vart målt til 22,4 prosent.

Leiar i Norsk målungdom, Tobias Christensen Eikeland, seier til Framtida at NRK bør fokusere på å få opp nynorskdelen på nett og sosiale medium.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er sjølvsagt glade for at NRK får det til på TV, men vi er ikkje fordi ein av dei viktigaste arenaene er på nett. Mange finn nyheitene på nett og sosiale medium, og derfor er det spesielt viktig at ein finn nynorsk i desse kanalane, seier han.

Han rosar Norsk Rikskringkasting for at å klare over 25 prosent nynorsk totalt, men han oppmodar til å tilsetje fleire nynorskjournalistar som kan skrive for nett.

– Generelt så synest vi at 25-prosentregelen er ein veldig viktig måte å få ut nynorsk til allmenta. NRK er ein av dei viktigaste nynorskprodusentane vi har, legg han til.

I 2020 var nynorskdelen på NRK.no nede på 17 prosent, men sidan har det vore jobba aktivt for å nå målet om 25 prosent nynorsk. Språksjef Karoline Riise Kristiansen meiner klare, konkrete mål i enkeltredaksjonane, kursing, retningsliner for bruk av språkteknologi, tilsetjing av fleire nynorskjournalistar og ei større bevisstgjering av språkbruken, har ført til at nynorskbruken trass alt har auka. (©NPK)