Siri H. Eriksen, professor ved NMBU, under presentasjonen av delrapporten frå FNs klimapanel måndag. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Norsk professor om klimarapport: Det hastar å handle

– Avgjerder som blir tekne det neste tiåret, vil avgjere korleis utviklinga blir, seier professor Siri H. Eriksen, ein av forfattarane av FNs klimarapport.

Siri H. Eriksen er professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og er hovudforfattar på kapittel 18 i rapporten. Det tek for seg kor nødvendig ei klimarobust utvikling er.

Dette er ei utvikling som inneber at samfunnet tilpassar seg klimaendringar og kuttar i klimagassutsleppa på ein måte som fremjar berekraftig utvikling.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vi veit om effekten av klimaendringar, risiko og sårbarheit gjer at det hastar å jobbe for klimarobust utvikling. Berekraftsmåla er ei god rettesnor for korleis vi formar ut tiltak for å møte auka klimarisiko og å avgrense oppvarminga, seier Eriksen.

– Viss vi skal sikre ei leveleg framtid for alle på jorda, hastar det å handle, understrekar professoren.

Kollegaen hennar, professor Tor Arve Benjaminsen, er hovudforfattar i kapittel 1 av rapporten, som introduserer hovudinnhalda i delrapporten og nøkkelomgrep.

(©NPK)