Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Norsk Landbruksrådgiving vil at alle bønder skal få gratis klimarådgiving

Norsk Landbruksrådgiving (NLR) vil gi gratis klimarådgiving til alle bønder.

Om landbruket skal nå målet i klimaavtalen med staten, bør innsatsen på klimarådgiving trappast opp, meiner NLR.

– Klimarådgiving er eitt av fire prioriterte hovudområde NLR har spelt inn til avtalepartane før årets jordbruksforhandlingar. Målet må vere å kunne tilby gratis klimarådgiving til alle landbruksføretak i heile landet, seier styreleiar i NLR, Lars Fredrik Stuve, til Nationen.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)