Gloppen NTEU delte ut løpesetlar på Coop Extra fredag 16. februar. Jørn Inge Nedrebø (t.v.) og Jostein Hansen.

Norsk kraft skal styrast frå Norge

Lesarinnlegg av Gloppen Nei til EU ved leiar Jostein Hansen.



Nei til EU (NTEU) har gåande ein landsomfattande kampanje for å opplyse om EU sitt energibyrå ACER, og handsaminga av denne saka om styring av dei norske kraftressursane i Stortinget i mars. NTEU meiner at tilslutning til ACER inneber å avgje nasjonal sjølv råderett til EU. Vi krev difor at ei avrøysting i Stortinget må ta utgangspunkt i §115 i grunnlova, som krev ¾ fleirtal for å avgjera saka.

Det ser ut til at press frå grasrota, m.a. frå NTEU, har påverka Ap til å stille sterkare krav til regjeringa for at partiet skal kunne gå med på å gje stønad til EU sin tredje energimarknadspakke, der ACER er ein viktig del.

Ap sine krav er m.a. at Norges olje- og gassressursar er det norske folk sin eigedom og skal kome heile samfunnet til gode, at minst to tredeler av norske kraftressursar skal vere offentleg eigd, at det skal inn i energilova av 1990 at Statnett skal eige og drifte alle framtidige mellomlandssamband, at norsk fornybar kraftproduksjon skal bidra til auka verdiskaping og sysselsetting i Norge og til å erstatte fossil energi med fornybar energi, at norske styresmakter skal ha sjølvstendig kontroll over alle viktige avgjerder for energitryggleiken i Norge, til dømes dei som gjeld industrien m.m.

Ap sine krav til regjeringa er vel og bra, men NTEU ser ikkje behovet for å slutte seg til EU sin tredje energimarknadspakke og EU sitt kontrollorgan ACER.

Gloppen NTEU er sterkt i mot å avgje meir suverenitet til EU, og vi meiner Norge så fort råd er må kvitte seg med EØS-avtalen som er basert på fri flyt av kapital, arbeidskraft, varer og tjenester og no også energi om EU får det som dei vil.