Mange følgde oppmodinga frå DNT og la ut på søndagstur i helga. Dei 15 åra Kom deg ut-dagen er blitt arrangert, har han inspirert ein million til å utforske nærmiljøet sitt. Foto Jasemin Folvik/DNT.

Noregs største turdag har lokka ein million ut på tur

Mange følgde oppmodinga frå DNT og la ut på søndagstur i helga. Dei 15 åra Kom deg ut-dagen har blitt arrangert, har han inspirert 1 million turfolk til å utforske nærmiljøet sitt.

– Friluftslivet er så tilgjengeleg, men samtidig veit vi at det er mange som slit med å komme seg ut og drøymer om å bli meir aktive. Derfor er det fint å sjå at ein i 2021, 15 år etter den første Kom deg ut-dagen, stadig kan inspirere fleire til å utforske nærmiljøet sitt og friluftslivet, seier generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang, i ei pressemelding.

Titusenvis av deltakarar fordelte på meir enn 180 korona-tilpassa arrangement deltok på Kom deg ut-dagen i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi jobbar for at fleire skal drive med friluftsliv. For å få til dette, er det vesentleg at vi får med oss barn og unge. Kom deg ut-dagen er eitt av fleire tiltak som gjer at barn og barnefamiliar oppdagar gleda ved å vere ute. Dette er eit viktig arbeid for folkehelsa, seier Klarp Solvang.

(©NPK)