87 prosent av poteten vi et i Noreg, er norsk. Illustrasjonsfoto: Annika Byrde/NTB/NPK.

Noreg kan produsere dobbelt så mykje frukt og grønt som i dag

Ifølgje dei nye kostråda frå Helsedirektoratet bør folk ete åtte porsjonar med frukt og grønt kvar dag. Eit forskingsprosjekt har undersøkt korleis mest mogleg av det kan vere norsk.

Publisert

– Vi kan doble produksjonen av frukt og grønsaker i Noreg, seier forskingssjef i Nibio Inger Martinussen i ei pressemelding.

Ho har forska på moglegheitene for å auke produksjonen av frukt og grønt i Noreg, og i ein ny publikasjon viser ho korleis.

I dag er det mykje som blir importert, men skilnadane er store.

– Berre 23 prosent av epla som vi et, er norske. Agurk er derimot oppe i 78 prosent norsk. Potet er størst i volum og har størst norskandel på 87 prosent, seier forskingssjefen.

Ved Nibio har dei sett på areala og kor dei ulike grønsakene kan dyrkast. Til dømes kan 45 prosent av all den fulldyrka jorda i Noreg nyttast til gulrot.

Tomatar har og eit stort potensial i Noreg, ifølgje forskingsprosjektet.

– Norske tomatdyrkarar er dei som klarer å dyrke mest tomat per arealeining. Dessutan blir det jobba mykje for å gjere produksjonen meir berekraftig. Gartneria har innført ulike klimatiltak. Undersøkingar viser ein nedgang i utslepp per kilo tomat på 45 prosent, seier Martinussen.

Likevel, skal det bli noko av doblinga, så trengst det meir enn berre kunnskap frå forskinga.

– Du må ha ei verdikjede som heng saman, seier administrerande direktør ved Nibio Ivar Horneland Kristensen. (©NPK)

Powered by Labrador CMS