Sjølv om overnattingstala i juli i år begynner å nærme seg normalen, slit hotellbransjen kraftig. I Oslo gjekk talet på overnattingar i juli ned med heile 47 prosent samanlikna med same månad i 2019, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.Foto: Jan Haas/NTB scanpix/NPK.

Nordmenn sørgde for nesten normale overnattingstal i juli

Etter fire månader på rad med solid nedgang, var talet på overnattingar i juli nesten som normalt, med ein nedgang på 3,1 prosent samanlikna med juli i fjor.

Agder og Nordland hadde størst auke, medan nedgangen var størst i Oslo og Vestland.

Overnattingsstatistikken til Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det samla var 6,4 millionar overnattingar på norske hotell, campingplassar og utleigehytter i juli.

Artikkelen held fram under annonsen.

På grunn av koronasituasjonen var det ei kraftig endring frå utanlandske til norske overnattingar. Talet på norske overnattingar auka nemleg med heile 39 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med heile 79 prosent.

Oppmodinga frå regjeringa om å leggje årets ferie til Noreg vart følgd av dei aller, aller fleste. Det viser SSB-tala tydeleg. Norske overnattingar på hotell auka med 35 prosent, på campingplassar med 40 prosent, og på hyttegrender og vandrarheimar med 65 prosent.

Hotellbransjen sleit likevel mest. Fleire hotell var stengde, og særleg dei som tradisjonelt har flest utanlandske gjester, fekk problem.

Det var i alt 9 prosent færre overnattingar på norske hotell i juli i år samanlikna med same periode i fjor. Utanlandske overnattingar gjekk ned med heile 83 prosent.

På Svalbard vart talet på hotellovernattingar redusert med 51 prosent og i Oslo med 47 prosent. I Agder og Møre og Romsdal auka talet på hotellovernattingar med høvesvis 25 og 19 prosent.

(©NPK)