Statsminister Erna Solberg (H) under koronapressekonferansen fredag. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

Nordmenn kan bli nøydde til å lage sin eigen «koronagjeng»

I dag avgrensar styresmaktene kor mange personar som kan møtast på éin stad. No vurderer dei ei grense på kor mange ulike ein kan møte over tid.

– Viss du på fredagen møter 50 personar i eit organisert lag og eit heilt anna lag med 20 personar dagen etterpå. Og viss du i mellomtida har vore på ein del andre aktivitetar, så har du møtt veldig mange personar. Vi må ned i talet på menneske vi møter over tid, sa statsminister Erna Solberg (H) på koronapressekonferansen på fredag.

Etter fleire dagar med aukande koronasmitte varsla ho at det vil komme nye, nasjonale innstrammingar i tiltaka neste veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noko av det styresmaktene vurderer, er å rå folk til å møte eit avgrensa tal ulike menneske, får NTB opplyst. Til dømes ved at folk vel ei avgrensa gruppe dei møter.

– Det er mange måtar å gjere dette på. Hovudpoenget er at om ein gjer dette i ein tidsavgrensa periode, kan effekten vere stor. Det treng ikkje vere eit veldig langvarig tiltak, understrekar assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad overfor NTB.

Ser til andre land

Regjeringa har bede Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) om å komme med tilrådingar til dei nye tiltaka, som altså vil bli kommunisert til befolkninga neste veke.

Nakstad understrekar at dei ikkje har konkludert enno, men fortel at dei ser på korleis andre land i Europa har laga avgrensingar på kor mange grupper av menneske folk kan vere saman med i sosiale samanhengar.

– Eit døme er Storbritannia der dei har «rule of six». Veldig mange andre land i Europa innfører både tilrådingar, men også påbod, om å avgrense kor mange menneske ein faktisk er saman med, seier Nakstad.

Tydelegare råd

Helseminister Bent Høie (H) seier at det ikkje blir aktuelt å lovregulere dette i Noreg.

– Men det ikkje utenkjeleg at vi kjem med nokre endå tydelegare råd, seier han.

Målet er at folk skal tenkje meir over kor mange ulike nærkontaktar dei har over ein periode.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein bør vere klar over det og heller halde kontakten med nokre av dei næraste vennene ein har, seier han.

Redd for utanforskap

Men helseministeren er òg redd for at folk skal hamne utanfor dersom styresmaktene innfører eit slikt råd.

– Der må vi ta litt ansvar alle saman og tenkje. Tenk om det er nokon du kjenner som er einsame, som du kan invitere med i vennegruppa sånn at dei ikkje blir sitjande åleine, seier han.

I dag går rådet frå styresmaktene ut på at ein maksimalt kan ha 20 personar på private samankomstar – under føresetnad av at ein held éin meters avstand. I Oslo har ein likevel ein lokal regel på maksimalt ti personar på grunn av det høge smittetrykket.

(©NPK)