Nordmenn handla mindre i september
Detaljhandelen gjekk for første gong i år ned, med ein nedgang på 0,5 prosent frå august til september. Det var særleg sal av drivstoff som påverka nedgangen.
– Dei fleste næringar gjekk noko ned i september, men det er snakk om små endringar, seier førstekonsulent Leonard Biermann i Statistisk sentralbyrå (SSB).
Det er første månad i år med nedgang i detaljhandelen, ifølgje SSB.
Annonse
– I tillegg til sal på bensinstasjonar var det daglegvare og butikkhandel med andre hushaldsvarer i spesialforretningar, eksempelvis jernvarer, som bidrog mest til den samla nedgangen, medan mellom anna sal av klede og internetthandel bidrog til å trekkje detaljhandelen opp, seier Biermann.
Omsetningsvolumet i daglegvare hadde ein tydeleg vekst i juli, men i september gjekk det ned for andre månaden på rad. (©NPK)