Etter to månader med nedgang i kortomsetnaden i Noreg, gjekk han opp att i mai. Foto: Jon Olav Nesvold/NTB scanpix/NPK.

Nordmenn drog kortet sjeldnare, men brukte meir pengar i mai

Den samla kortomsetnaden i Noreg gjekk opp 1,75 prosent frå mai 2019 til mai 2020. Samtidig sokk talet på gjorde transaksjonar med 12,1 prosent.

Det tyder at prisen på gjennomsnittskjøpet var vesentleg høgare i år enn i fjor, skriv Nets i ei pressemelding.

– Auken i handel på nettet og færre daglege innkjøp er antakeleg hovudforklaringane. Det kan òg vere utslag av at nordmenn har byrja å førebu ferien sin i Noreg, fordi reiserestriksjonane framleis er sterke, seier Per Harald Strøm, sjef for data og analyse i Nets.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at koronarestriksjonane vart innførte 12. mars, fall den samla kortomsetnaden i Noreg. I mars fall omsetnaden med 14 prosent, medan april var noko betre med 8,5 prosent lågare omsetnad enn i april 2019.

No er altså trenden snudd.

– Fleire bransjar har fått lette i restriksjonane denne månaden. Forbruket innanlands går òg naturleg opp når nordmenn ikkje har moglegheit for å reise ut og bruke pengar, seier Strøm.

(©NPK)