Konservator Ingrid Berger og museumsdirektør Anne Kristin Moe har gjort klar den første utstillinga om Nordfjordbunaden nokon sinne. Opp til venstre: Den eldste folkedrakta frå Nordfjord har ei karakteristisk «ullatrøye» som går attende til 1700-talet.Foto: Marcus Selmer, Universitetet i Bergen (1860-talet). Oppe til venstre: I andre halvdel av 1800-talet blir dei lokale folkedraktene erstatta av klede som er like for heile landet.  Foto: Knud Knudsen, Universitetet i Bergen (1870-talet).

Nordfjordbunaden på utstilling

- Nordfjordbunaden har ikkje vore så synleg og kjend i bunadsmiljøet som mange andre bunader. No er det på høg tid at også den blir synt fram og at dei som la ned mykje arbeid med å få den utarbeidd blir løfta fram, seier Anne Kristin Moe.

Moe er direktør ved Nordfjord Folkemuseum, har kurert utstillinga «Frå folkedrakt til bunad i Nordfjord». Utstillinga opnar søndag 14. mai klokka 13, og er den første eigne utstillinga for Nordfjordbunaden nokon sinne. Moe har tidlegare vore dagleg leiar for Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Ho har publisert fleire fagartiklar om bunaden si historie.

I snart 150 år har nordmenn brukt bunad. Den folkelege bruken av bunad i Noreg er eineståande i europeisk samanheng. Medan ein i andre land først og fremst brukar den i samband med folkedans, er den i Noreg eit festplagg, som har sin høgsesong i mai. Plagget blir brukt av menn, kvinner, unge som gamle, og er eit plagg som er i vinden som aldri før.

- Dei gamle draktene syner ting om draktskikken i Nordfjord som vi ikkje visste frå før. Mellom anna ser vi at dei tidlegaste bunadsliva også var dekorerte med band, noko det er har vore ulike meiningar om, seier Moe.

Utstillinga syner mellom anna skattar frå samlinga som ikkje har vore utstilt før og korleis draktskikken endra seg frå 1800 og fram til 1900. Utstillinga blir opna av leiar for Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Camilla Rossing. Utstillinga tek også føre seg bruken av nasjonale bunadar i Nordfjord og korleis det var utarbeidd eigne bunader for Nordfjord.

- Draktskikken var i endring på 1800-talet, og sjølv om draktene ser annleis ut no enn då, så kan vi likevel sjå samanhengar, seier Moe.

Utstillinga blir ståande på Nordfjord Folkemuseum til 15. september.