Nordfjord Nærradio får studio i Trivselshagen

Nordfjord Nærradio (NNR) sitt lokalkontor på Sandane har hatt studio i Heimevernhuset i mange år. No går leigeforholdet med raske steg mot slutten. Eigaren Forsvarsbygg vil selje, og leigetakarane må ut.

Til Trivselshagen

Dagleg leiar i kulturhuset Trivselshagen, Ola Tarjei Kroken, opplyser at dei har vore i dialog med NNR om eit nytt studio.

– Dei er hjerteleg velkomne hit. Vi ønskjer å leggje til rette for aktivitet, og NNR passar fint inn, slår han fast. I Trivselshagen er det allereie eit lydstudio og eit lite teknisk rom som m.a. blir brukt til opptak og redigering. Her er det plass til NNR.

– Også Firda vgs., som også nyttar desse romma, stiller seg positiv, seier Kroken. Han opplyser at NNR har fått tilbod om ei rimeleg husleige.

Les meir i papirutgåva fredag.