Nordfjord Folkemuseum er skeptisk til båthall-planane til Sandane Småbåtlag. Småbåtlaget har fått klarsignal til å rive slaktehuset midt på biletet. No er hallen flytta lenger vekk frå museumsområdet.

– Nordfjord Folkemuseum er skeptisk til båthallprosjektet

Rådmannen oppfattar det slik at Nordfjord Folkemuseum er skeptisk til volumet båthallen til Sandane småbåtlag representerer.

I mai i fjor vedtok formannskapet i Gloppen å starte arbeidet med ein detaljreguleringsplan for museumsområdet og småbåthamna på Øyrane.

Oppdatere

Nordfjord Folkemuseum har tidlegare fått utarbeidd eit forprosjekt for eit jektenaust, eit formidlingsbygg og fleire naust kring Holvikejekta for å t vare på båtbyggjartradisjonen og jektetradisjonen.

Sandane småbåtlag har på si side presentert planar for ei båthall i området der det rivningsklare slaktehuset står i dag. Småbåtlaget har fått klarsignal til å rive bygget og få ein fin slump pengar, 500.000 kroner, for jobben i tillegg. Opprinneleg var planen å byggje båthallen på det same området.

For eitt år sidan var det eit møte mellom museet, småbåtlaget og kommunen etter initiativ frå dåverande rådmann. I etterkant signaliserte Nordfjord Folkemuseum seg positivt om ein veg i strandkanten til småbåthamna, men stilte seg skeptisk til båthallen.

Les meir i papirutgåva onsdag.