Nordfjord-avisene aukar opplaga sine

Alle dei fire avisene i Nordfjord aukar opplaget første halvår 2022 samanlikna med same periode i fjor.

Firda Tidend har no eit opplag på 2.927, som er ein vekst på 34 det siste året.

– Trufaste tingarar og lesarar

– Det er sjølvsagt svært gledeleg å registrere at opplagstalet går oppover, og at vi framleis har svært trufaste tingarar og lesarar av lokalavisa for Gloppen og Jølster. Eg vil rette ei stor takk til alle desse, til annonsørar og til dyktige medarbeidarar som står på for å lage eit produkt som blir sett pris på, seier redaktør og dagleg leiar Aadne Gloppestad, og legg til at god oppslutning om lokalavisa viser at denne er viktig for mange i kvardagen:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi skal vere lim og lupe i lokalsamfunnet, ta opp saker som er viktige i og for dette, vere ein formidlar av nyhende, reportasjar og annonsar, og invitere til debatt.

Firda Tidend-redaktør Aadne Gloppestad er glad for at avisa han styrer og dei andre Nordfjord-avisene har fått fleire tingarar det siste året.

Gode tal i ytre

Også for dei andre lokalavisene i Nordfjord peikar opplagspilene rett veg.

Fjordenes Tidende har eit opplag på 4.598, ein auke på 175 samanlikna med første halvår i fjor. For Fjordingen og Fjordabladet er tala høvesvis 3.861 (+75) og 3.161 (+95).

– Det er kjekt at alle avisene i regionen gjer det bra. Vi har eit svært godt samarbeid med desse, først og fremst gjennom Nordfjordsamkøyringa, som er den dominerande reklamekanalen i Nordfjord, og som gjer at vi er i posisjon til å hente inn viktige annonsekroner frå regionale og nasjonale kundar. Dette gjer oss i neste runde i stand til å lage endå betre lokalaviser til glede for nordfjordingar heime og ute, understrekar Gloppestad.

Nedgang for Firda

For dei andre avisene i gamle Sogn og Fjordane fylke, er det varierande utvikling.

Firda i Førde har eit opplag på 11.409, ned 296 det siste året.

Også Firdaposten i Florø har negativ utvikling. Opplaget er redusert med 122 og er no 4.904.

Sogn Avis held fram den fine utviklinga og er registrert med eit opplagstal på 9.576 (+278).

Artikkelen held fram under annonsen.

Tala for Ytre Sogn Avis og nettavisa Porten.no er 1.257 (+63) og 1.762 (+86).

Stabile tal

Landslaget for lokalaviser (LLA) sine medlemsaviser aukar totalopplaget med 2.850, ein auke på 0,8 prosent.

Mellom LLA sine over 100 lokalaviser går omtrent halvparten av avisene litt fram, den andre halvparten litt tilbake.

Dermed fortset trenden ein har sett over mange år: Alt i alt er lokalavisene sine opplagstal stabile.

– Viktig og unikt innhald

LLA sin generalsekretær Tomas Bruvik gleder seg over dei nye opplagstala.

– Det er veldig kjekt å sjå at lokalavisene framleis har auke i opplaget. Lokalavisene leverer viktig og unikt innhald som vi ser at abonnentane set pris på. Vi er sjølvsagt spente på utviklinga no som mange får trongare privatøkonomi, men vi håpar at folk vil fortsetje å sjå viktigheita av lokalavisa si, seier Bruvik i ei pressemelding.