Nomil har 1000 tonn trevirke det er uråd å bli kvitt.

Nomil ”druknar” i trevirke

– Dette er i ferd med å bli eit alvorleg problem for oss, seier dagleg leiar for Nomil, Svein-Ottar Sandal. 1000 tonn trevirke ingen vil ha, hopar seg opp på sentralanlegget i Mona.

Eit digert berg brennbart avfall hopar seg opp på området til Nomil. Kvar einaste dag blir det større. Slik har det halde fram i lang tid. Trevirket kjem frå bygningsplassar, frå rivings- og renoveringsarbeid. Det har til felles at det er brennbart, men ulovleg å brenne opp.

Sidan i vår

– Det har stort sett vore leveringsstogg sidan tidleg i vår. Årsaka er at forbrenningsanlegg i Sverige ikkje er interesserte i denne brennbare avfallsfraksjonen lenger. Dei har tilstrekkjeleg av dette sjølve, seier Svein-Ottar Sandal.
Det finst mange norske forbrenningsanlegg. Problemet er at dei ikkje har nødvendig godkjenning for å brenne ureint trevirke som dette er, m.a. fordi det kan vere måla. Dermed har Nomil ingen stad å levere avfallet.

– Vi må berre ta i mot. Å seie nei, sit langt inne. Viss vi ikkje tek i mot, fryktar vi lokal ureining, og at folk brenner avfallet sjølve, seier Svein-Ottar Sandal.

Les heile saka i papirutgåva fredag.