Nok eit smittetilfelle i Gloppen

Ein kjend nærkontakt til det siste smittetilfellet i Gloppen har testa positivt på korona, opplyser kommunen i ei pressemelding onsdag føremiddag.

– Dette var venta, og denne nærkontakten er også i karantene frå før. Det er ingen nye nærkontaktar relatert til dette smittetilfellet. Vedkomande er symptomfri og er sett i isolajon. Situasjonen er under kontroll, skriv ordførar Leidulf Gloppestad i pressemeldinga.