Nok ein statistikk fylket toppar

Tal Statistisk sentralbyrå la fram sist torsdag viser at Sogn og Fjordane toppar listene for gjennomføring i den vidaregåande skulen, og det både på studiespesialiserande og på yrkesfag.

I dei studieførebuande utdanningsprogramma gjennomfører 91,3 prosent av elevane i Sogn og Fjordane innan fem år. Dei yrkesfaglege utdanningsprogramma har lågare grad av gjennomføring, der gjennomfører 66,8 prosent.

– Tala viser at dei vidaregåande skulane arbeider godt med ungdomane. Elevane på yrkesfag har blitt flinkare til å skaffe seg læreplassar, bedriftene stiller opp med fleire læreplassar, og skulane støttar godt opp. Ekstra oppfølging av elevar og lærlingar som står i fare for å ikkje gjennomføre som følgje av stort fråvær eller låg motivasjon, kan ha innverknad på den gode statistikken, seier fungerande fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo.

Motivasjon for vidare arbeid
Blant alle elevane som starta på vidaregåande opplæring – både studiespesialiserande og yrkesfag – i 2011, gjennomførte 78,6 prosent av dei opplæringa innan fem år. Det er to prosentpoeng fleire enn i 2010-kullet.

– Å få fleire til å gjennomføre, føreset samhandling og godt innarbeidde rutinar på og mellom alle nivå i opplæringsløpet. Å drive god opplæring er ein dynamisk prosess som krev at alle som er aktørar i dette arbeidet, er i utvikling. No er det viktig at alle held fram det gode arbeidet som er i gang. Statistikken kan vere grunnlag for vidare motivasjon i arbeidet med å auke gjennomføringa, slår Skinlo fast.

Akershus toppar statistikken når vi ser studiespesialiserande og yrkesfag under eitt, fordi dei har fleire ungdomar som går studieførebuande enn yrkesfag. Det er flest elevar som fullfører på studieførebuande.

Færre sluttar
Systematisk arbeid over tid fører til gode resultat. Tal sluttarar i vidaregåande opplæring har blitt redusert slik dei tre siste åra.

 






































































































































Gjennomføring i vidaregåande opplæring
StudiespesialiserandeYrkesfag 
Sogn og Fjordane91,3Sogn og Fjordane66,8
Akershus89,4Rogaland64,8
Møre og Romsdal89,1Møre og Romsdal64,7
Nord-Trøndelag88,2Vest-Agder64,3
Vest-Agder87,7Telemark64
Hordaland86,9Akershus63,9
Hedmark86,9Buskerud61,5
Oppland86,8Nord-Trøndelag61,2
Østfold86,7Aust-Agder60,2
Vestfold86,6Hordaland59,4
Telemark86,2Noreg samla59,4
Noreg samla85,9Sør-Trøndelag59,2
Rogaland85,4Oslo59
Sør-Trøndelag84,7Oppland58,4
Nordland84,5Vestfold57
Finnmark84,4Hedmark55,5
Aust-Agder84,2Østfold54,2
Oslo84,1Troms53,1
Buskerud83,4Nordland52,6
Troms82,4Finnmark47,1