Hans Sande (t.v.) og Evald Osnes Devik, begge Gloppen Friidrettslag.

Nok ein medalje til Gloppen

Evald Osnes Devik, Gloppen FIL, tok sølvmedaljen i slegge i klasse U23 i Junior-NM på Brandbu laurdag.

Osnes Devik kasta seniorslegga 60,08 meter. Jørgen Austnes vann på 61,72 meter, medan tredjeplassen gjekk til Jon Nerdal med 59,55 meter.

Hans Sande, Gloppen FIL, sette ny personleg rekord med 54,56 meter og vart nummer fire.