Foto: Emilie Larsen Evebø.

Nok ein klatrepark er stengd

Fleire klatreparkar i fylket er tidlegare blitt stengde som følgje av roteskadar, mellom andre den ved Vassenden skule.

Sparebankstiftinga og Vestland fylkeskommune har difor sett i gang ei tilsynsrunde på alle slike anlegg som dei har vore med og finansiert. Måndag var det tilsyn på klatreparkane ved Breim skule og Sandane Idrettspark.

– I klatreparken ved Sandane Idrettspark vart det funne store roteskadar på stokkane, og parken vart stengd der og då. Den er no sperra av med sperreband, og Gloppen kommune ber alle respektere sperringa. Det er ikkje funne roteskader på klatreparken i Breim, så der kan aktiviteten halde fram som før, opplyser kommunen på heimesidene sine.

Artikkelen held fram under annonsen.