No er pengane til Stad skipstunnel løyvde.

No vert det skipstunnel

Regjeringa og samarbeidspartia er samde om å starte bygginga av Stad skipstunnel i 1. periode av Nasjonal Transportplan (NTP) 2018-2029. Den totale kostnaden er på 2.699 millionar kroner.

Det er sett av 1.504 millionar kroner første periode og 1.196 millionar kroner i andre periode. Dermed skal Stad skipstunnel vere fullfinansiert, sa regjeringa og samarbeidspartia under presentasjonen av Norsk Transportplan i dag.

Det kom vel neppe som ei overrasking etter lekkasjane dei siste dagane, og mindre overraskande vart etter at samarbeidspartia Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, med stortingsrepresentantane Bjørn Lødemel (H) og Sveinung Rotevatn (V) i spissen, tidleg i dag inviterte til pressekonferanse i Selje.

Lødemel slo fort fast at dette er ein historisk dag.

Først i verda
– I fleire tiår har det vore jobba målretta for å bygge Stad skipstunnel. No blir dette ein realitet takka vere regjeringa og samarbeidspartia, sa Lødemel.

Han peikar på at Stad skipstunnel vert den første skipstunnelen i verda, og skal gje trygg reise forbi Stad. Han meiner den også skal kunne legge til rette for næringsutvikling og regionbygging, og i tillegg verte eit turistmål i verdsklasse.

– Den vil også det vil legge til rette for å få meir transport frå veg til sjø, noko som også er ei målsetting for regjeringspartia og samarbeidspartia. Dette er ein historisk dag, uttalte han.

Det er berre hovudtrekka i Nasjonal transportplan som vart presentert i dag, og fem månader før Stortingsvalet regnar det milliardar over samferdslesatsingar landet rundt. Meir detaljert kva som ligg inne kjem nærare påske.

Glad for å vere høyrt
Fylkesleiar i Frp, Lars Svein Drabløs, var nøgd med å kunne sette sluttstrek for mange år med planarbeid og utgreiingar.

– Eg er glad for at Stad skipstunnel no endeleg vert realisert. Det har over fleire tiår vore gjeve politiske løfte om at skipstunnelen skulle bli ein realitet, utan at verken planar eller pengar har vore på plass, sa han.

- Sogn og Fjordane FrP har hatt skipstunellen som sin hovudprioritet i våre innspel til Samferdsledepartementet og FrP sin transportfraksjon på Stortinget. Det er svært gledeleg at vi er lytta til og at vi får oppstart så snart alle planar og anbod er på plass, sa Drabløs.

- I dag heiser vi flagget
Stortingskandidat for KrF i Sogn og Fjordane, Tore Storehaug, har vakse opp i Askvoll og fortalde at han har opplevd både uver og sett farlege situasjonar.

– Det er ekstra stort å oppleve at vi no har fått gjennomslag for vår førsteprioritet. Med dette prosjektet på plass knyter vi kysten saman og gjev området endå ein kvalitet av internasjonal standard. Stad skipstunnel viser framfor alt at vi er villige til å satse på kysten, sa han.

Sveinung Rotevant (V) peikate på at det stadig vert tøffare kamp om samferdslemidlane, og at Stad skipstunnel har vore skubba på i alt for mange år.

– Eg er difor veldig glad for at vi omsider har klart å skjere gjennom. No kjem tunnelen, og gir heilt nye moglegheiter for både næringstransport og passasjertrafikk. Vestlandskysten blir omsider knytt ordentleg saman, uavhengig av vêr av vind, sa han.

– I dag heiser vi flagget på kysten, avslutta Rotevatn.