Konsertar og andre publikumsarrangement måtte avlyse eller skalere ned då pandemiane ramma landet. No kan dei få støtte for å dekke delar av tapet. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

No kan store publikumsarrangement få koronatilskot

Store publikumsarrangement som har måtta avlyse eller skalere ned på grunn av pandemien, kan no søkje om tilskot for å dekkje tapet.

Tilskotsordninga på 350 millionar kroner opnar for søknader fredag. Det kan dreie seg om messer, matfestivalar, utdanningsfestivalar, bilfestivalar kongressar og liknande.

– For oss er det viktig at verdifulle arenaer som messer eller matfestivalar òg finst etter pandemien er over, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Ordninga er retta mot arrangement som skulle vore halde mellom 5. mars og 31. desember i fjor. Venta besøkstal måtte vere minst 350 personar, og arrangementet måtte ha nasjonal eller regional verdi.

Støttebeløpet er maksimalt 60 prosent av underskot som følgjer av avlyst eller nedskalert arrangement. 20 prosent av tilskotet er avhengig av at det blir halde tilsvarande arrangement i framtida. Søknadsfristen er 1. februar.

(©NPK)