Bibelutgjevinga til unionskongen Christian IV frå 1633 er blant det publikum kan få innblikk i gjennom den nye digitale satsinga til Nordisk bibelmuseum. Foto: Nordisk bibelmuseum.

No kan du oppleva bibelmuseum digitalt

Nordisk bibelmuseum i Oslo har brukt tida under pandemien til å tenkja nytt. I desse dagar opnar museet eit nytt digitalt tilbod der folk i inn- og utland kan få innblikk i dei mange biblane museet har samla.

– I samband med nedstenginga blei det lyst ut omstillingsmidlar for turistnæringa som ein kunne søkja. Då tenkte vi at timinga var perfekt for å realisera desse planane som vi har vurdert ei stund, nemleg å kunna tilby delar av bibelsamlinga digitalt, seier dagleg leiar Rune Arnhoff ved Nordisk Bibelmuseum i ei pressemelding.

Museet, som held til midt i Oslo, er det einaste i sitt slag i Norden. Samlinga til museet er på over 5.000 biblar. Gjennom den digitale satsinga som har blitt til med støtte frå Innovasjon Noreg, kan besøkjande frå heile verda no få ei omvising i museet på eigne skjermar heime hos seg sjølve.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det fysiske museet er no heldigvis opna igjen, men framleis er det slik at mange ikkje kan reisa eller må reisa mindre. Då er ei digital omvising i 360 grader ein flott presentasjon både av samlinga, men også av korleis museet vårt er, seier Arnhoff.

I tillegg til Nordisk Bibelmuseum, har også Nobels Fredssenter i Oslo fått omstillingsmidlar til å tilby eit digitalt museum.