
No finst ikkje dette meir
Som varsla la NRK ned sitt tekst-TV-teneste med verknad frå onsdag. Mediehuset har forklart det med tekniske feil og mykje vedlikehald.
NRK kunngjorde avgjerda i juni i år, men understreka samtidig at all informasjon som til no har vore tilgjengeleg på tekst-TV, også er tilgjengeleg på nettsidene deira.
Tekst-TV kom i 1983, og no, 42 år seinare, er det altså slutt.
– Dei siste åra har tenesta vorte stadig vanskelegare å halde ved like for NRK, og det har ført til mange tekniske feil. Faren for fleire alvorlege feil gjer at NRK vel å avvikle tenesta, skreiv NRK sjølv.
Fleire andre medium har også lagt ned sin tekst-TV, blant dei TV 2, som la ned tekst-TV i 2017. I 2019 slutta leverandøren Get å tilby tekst-TV på nye dekodarar.
Då tekst-TV kom, var det det første mediet som ikkje var avhengig av faste tidspunkt for sending og publisering, skreiv NRK i samband med tekst-TV sitt 40-årsjubileum i 2023. (©NPK)