Ved Sognefjellshytta torsdag morgon. Foto: Statens vegvesen.

No er snøen komen til Sør-Noreg – vegvesenet kjem med åtvaring

Natt til torsdag var fleire av fjellovergangane og dalføra i Sør-Noreg prega av kvite vegar. No ber Statens vegvesen alle trafikantar om å sjekke føreforholda.

– Vinteren nærmar seg no. Skal ein køyre over fjellet så må ein ha på vinterdekk. Samtidig lønner det seg å sjekke nettsidene til Statens vegvesen, seier trafikkoperatør Tilia Mathre ved Vegtrafikksentralen.

Både på Hardangervidda og i Gudbrandsdalen er snøen godt synleg på webkameraa til Vegvesenet. På Vikafjellet snødde det også tett, men nede i Voss regna det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har jo vore meldt snø i nokre dagar, men det er vel først no vi ser at han har byrja å leggje seg nokon stader. Kor lenge det varer veit vi ikkje, seier Mathre.

Ho seier også at Valdresflya er stengd på grunn av dårleg vêr.

– Her vil det bli teke ei ny vurdering i morgontimane.

Fylkesveg 55 over Sognefjellet er også stengt på grunn av uvêret. Der vil det bli gjort ei ny vurdering på om vegen skal opne torsdag klokka 12. (©NPK)