Norske valkort skal frå 10. august sendast digitalt i eit forsøk på å forenkle stemmeprosessen. Her er papirversjonen frå stortingsvalet i 2009. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

No blir valkortet digitalt

Valkortet, som normalt blir sendt i posten, blir i år også digitalt. Frå 10. august vil alle nordmenn få tilgang til dokumentet via den digitale postkassa si.

Rett før førehandsstemmegivinga startar, blir dei digitale korta sende ut for første gong, opplyser Valdirektoratet.

Målet er å forenkle prosessen for unge veljarar, som ofte bur på andre, mellombelse adresser enn den som er registrert i Folkeregisteret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Direktoratet testa ordninga i fleire kommunar under lokalvalet i 2019, og tilbakemeldingane var positive.

Det er ikkje krav om å ta med valkortet når du skal stemme, men det gjer det lettare for valfunksjonærane å finne kvar enkelt i manntalet. Det fungerer òg som ei stadfesting på at du har stemmerett.

Personar som har reservert seg mot elektronisk post, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjon i registeret dei siste 18 månadene, vil framleis få tilsendt papirversjonen.

(©NPK)