Det er framleis fare for lyn og tore i Møre og Romsdal dei neste dagane. Folk som planlegg fjelltur, blir oppmoda til å følgje med på vêrvarselet og ta forholdsreglar. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

No blir det kaldare – hetebølgja er over i Noreg

Den norske hetebølgja syng på siste verset. Til helga ventar ustabilt vêr i store delar av landet, og det er framleis fare for lyn og tore i Møre og Romsdal.

– Restane av varmlufta ligg no over Troms og Finnmark, men vil forsvinne austover. Ni av elleve fylke har jo hatt temperaturar som svarer til definisjonen av hetebølgje, men den varmen vil no forsvinne, seier vakthavande meteorolog Martin Granerød ved Meteorologisk institutt til NTB.

Tysdag var det tropenetter på fleire vêrstasjonar rundt i landet, mellom dei i Kirkenes i Troms og Finnmark og fleire stader i Trøndelag. I Troms og Finnmark vart det til og med målt fylkesrekord med 34,3 grader ved Banak i Porsanger kommune. Men no må ein belage seg på meir skiftande vêrtypar også i nord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ingenting som tyder på at vi skal få temperaturar opp mot 30 grader igjen med det første, seier meteorologen.

– Til helga blir det kaldast i kystnære strøk i Nordland, Troms og Finnmark. Det er nok dei som får dei aller lågaste temperaturane med 12–13 plussgrader, særleg fredag og laurdag.

Framleis fare for lyn i Møre og Romsdal

Lynradaren til Meteorologisk institutt målte over 14.000 lynnedslag i store delar av landet førre søndag, og særleg Møre og Romsdal var utsett. Dette farevarselet vil framleis gjelde dei neste dagane.

– Det er rett og slett ustabilt skiftande vêr utover helga, og det kan vere torevêr i området. Vi har sendt ut farevarsel for lyn i Møre og Romsdal og Trøndelag allereie onsdag, men det ser ut til at det blir såpass ustabilt torsdag at dette held fram, seier Granerød.

Det er særleg indre strøk som er utsette, og folk blir tilrådd å vere obs på vêret om dei planlegg fjelltur.

– Den generelle oppmodinga når det er fare for lyn og tore, er å følgje med på vêret. Dersom ein høyrer tore eller ser lyn i området ein er i, skal ein ikkje bade, unngå å vere på dei høgaste punkta og komme seg ned i terrenget eller vekk frå vatn.

Moglegheiter for opphaldsvêr

Det er likevel meldt lite vind til helga, og det kan bli optimale forhold for båtaktivitetar langs kysten.

Folk i Sogn og Fjordane kan vere heldige og sleppe unna det verste av gråvêret frå Rogaland og Hordaland med delvis sol utover helga. I Oslo er det meldt skiftande skydekke, men varme ettermiddagar med opp mot 25 grader.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er alltid ein fare for at vi har nådd toppen når vi har hatt ein så fin periode, men samtidig er det lenge igjen av sommaren, og august er òg ein sommarmånad, seier meteorologen.

(©NPK)

Hetebølgja i Noreg er snart over, men med lite vind til helga kan det bli optimale forhold for båtaktivitetar langs kysten. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.