Stein (f.v.), Kåre, Bjarne og Ove Hauge har nok ein gong lagt ned eit stort dugnadsarbeid i Karnilstunet. Denne gongen er det lada som har nytt godt av entusiasmen deira.

– No blir det ein lunk her

– Det blir tørt og ein liten lunk i lokalet, men garderobe til å hengje av seg ytterkleda i er overflødig. Ein må kle seg godt, smiler Kåre, Bjarne, Stein og Ove, alle med Hauge til etternamn.


Grannane til det særprega og svært vakre Karnilstunet på Hauge har i mange år lagt ned ein stor innsats for å ta vare på og gjere tunet attraktivt for auka bruk. I haust har dei gjort tiltak knytt til lada.

Vindtett duk

– Rundt heile lada har vi lagt vindtett duk på utsida av den gamle bordkledningen og ny bordkledning utanpå der igjen. I tillegg har vi fått laga ei ny dør på innsida av den gamle, som vi har behalde for at ansiktet på bygningen ikkje skal bli endra, fortel Kåre Hauge.

No forsvinn ikkje lenger all varmen rett ut att med éin gong, og ein er kvitt den kalde trekken i lokalet når nordavinden står på. Det er bra, for i kveld skal det nemleg vere julekonsert med Frikk Heide-Steen & The Evening Band i den gamle lada.