Anders Ryssdal og Gloppen vil ikkje låse seg til eit alternativ før innbyggarane har sagt sitt i folkerøysting. I bakgrunnen skimtar vi Jølster politikarane som følgde nøye med på kva Ryssdal hadde å fortelje.

– Ni blir for stort og uoversiktleg

– Ni kommunar til ein vert for stort og uoversikteleg. Ordførar Anders Ryssdal frå Gloppen sa i klartekst det fleire meinte, då dei ni formannsskapa som var samla i Førde fredag, skulle rapportere frå kvar sitt korte, uformelle møte på slutten av dagen.

Ryssdal gjorde det vidare klart at han og resten av formannskapet ønskjer å utgreie også eit alternativ i Nordfjord, i tillegg til det han kalla sporet sørover i kommunesamanslåingsprosessen.

Historisk møte

Truleg har aldri før ni formannsskap vore samla til møte i same rom i dette fylket, noko som syner at den føreståande kommunereforma er ei stor og djuptgripande sak.

Trass i alvoret i saka, vart det eit møte prega av god tone, god stemning og eit ordskifte som bar preg av at kommunane hadde respekt for kvarandre og dei utfordringane kvar enkelt står fram for i den kommande prosessen. Men synspunkta på korleis ein ny storkommune skal sjå ut, sprikte i alle retningar og SIS-leiar Matias Råheim kom med eit hjartesukk på slutten av dagen som sette ord på situasjonen.

– Det skal nok bli vanskeleg å sy dette saman, sa Råheim som slo fast at tenestenivået og nærleik til tenestene vil vere avgjerande for korleis innbyggarane vil reagere når dei etter kvart skal høyrast.

Les heile saka i papirutgåva måndag.