Ni av ti som døydde med covid-19, hadde kronisk sjukdom

Nesten alle pasientar som døydde etter å ha vorte smitta av koronaviruset, hadde ein kronisk sjukdom ved sida av, viser tal frå Dødsårsaksregisteret.

Folkehelseinstituttet har no gått gjennom statistikk over dødsfall i dei tre første månadene av pandemien. Tala er førebelse, så biletet kan endre seg noko når fleire meldingar om dødsårsak kjem inn.

Frå mars til mai vart det registrert 236 koronarelaterte dødsfall her i landet. Ni av ti pasientar (som svarer til 215 personar) hadde kronisk sjukdom i tillegg, og ein like stor del var personar over 70 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Forenkla kan ein seie at for desse 215 dødsfalla blir covid-19 sett på som den viktigaste faktoren som leidde til døden, men ein kan ikkje seie noko om kor mykje andre dødsårsaker har bidrege, seier overlege Marianne Sørlie Strøm i Dødsårsaksregisteret ved Folkehelseinstituttet.

Berre 4 prosent av dødsfalla skjedde utanfor helseinstitusjon. Dei største fylka – Oslo, Viken og Vestland – hadde flest dødsfall.