Hotell Alexandra i Loen. Illustrasjonsfoto: Erik Johansen/NTB/NPK.

NHO reagerer på dobbel avgiftsauke for reiselivet

NHO meiner reiselivsnæringa i distrikta blir særleg hardt ramma av forslaget frå regjeringa om doble overnattingsavgifta frå seks til tolv prosent og igjen innføre flypassasjeravgifta.

NHO Reiseliv meiner forslaget viser at regjeringa ikkje forstår korleis reiselivet heng saman, spesielt i distrikta, der momsauken òg vil gjelde transport, skriv Nationen.

Dei fleste gjestane, sjølv nordmenn, flyg til feriedestinasjonane som ligg i distrikta, noko som vil medføre ei dobbel prisjustering fordi både flyturen, leigebilen på flyplassen og hotellovernattinga blir dyrare, seier NHO Reiseliv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hotellsjef Erik Taraldsen ved Thon hotell i Lofoten, seier til avisa at dei ikkje har noko å gå på.

– Vi kan verken gå opp eller ned i pris, vi er ein bransje som ligg med fullstendig brekt rygg, seier hotellsjef Erik Taraldsen ved Thon hotell i Lofoten, til avisa.

På hotellet hans er 20 av 100 tilsette heilt eller delvis permitterte. Han meiner ei dobling av momsen vil påverke alle hotell i heile Noreg, og bransjen treng føreseielege vilkår.

(©NPK)