Nettselskapa skuldar norske straumkundar over 1,7 milliardar kroner ved utgangen av 2020. Foto: Paul Kleiven/NTB/NPK.

Nettselskap har skulda straumkundar pengar i over ti år

Ei rekkje norske nettselskap har i ti år eller meir skulda straumkundane pengar, viser tal frå Reguleringsmyndigheten for energi.

Det er i alt snakk om 15 nettselskap som i ti år eller meir har hatt meirinntekter, melder NRK, som har innhenta tala. Til saman skulda dei ved utgangen av 2020 kundane sine nærare 1,7 milliardar kroner.

Meirinntekter betyr at nettselskapa har overskride inntektsrammene, som blir fastsette av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sidan nettselskapa har monopol i sitt område. Rammene blir fastsette av kostnader til drift og utvikling av straumnettet og nettap.

Artikkelen held fram under annonsen.

I utgangspunktet er det ikkje ulovleg med meirinntekt, men Reguleringsmyndigheten seier dei vil stramme inn.

– Det er uheldig at nokre av nettselskapa har hatt vedvarande meirinntekt over ein så lang periode, seier fungerande seksjonssjef Roar Amundsveen til NRK, og legg til at dei vil følgje opp dette med dei aktuelle selskapa.

Generalsekretær Morten Andreas Meyer i Huseierne reagerer kraftig på tala.

– Viss det var vi som hadde skulda nettselskapa pengar, veit vi at dei hadde gått heile vegen til inkasso for å drive inn dei pengane, seier han.

(©NPK)